26. oktober 2010

Pallative Care Unit

Idag har me fått våre med i heimetjenesta dei har her ved sjukehuset, nermare bestemt Palliative Care Unit. Dette er ei gratis tilbud dei har til dei 130 pasientane dei har ansvar for. Pga. mangel på resurssar så kan dei ikkje besøke pasientane så ofte, og dei reiser heller ikkje ut meir enn 1-2 ganger i veka. Idag var me skulle me innom 4 pasientar, men da vart kun 3 sidan den eine pasienten ikkje var heime. 

Palliative care går ut på å dra på heimebesøk til pasientar som treng behandling  ved den siste fasen i livet. Der har dei pasientar med blant anna kreft og HIV.
Det var to stk ifrå Palliativ Care Unit med oss idag, han eine heite William og snakka bra norsk (budd mangen år i Norge, tok utdanninga si der) Så då følte me virkelig at me fekk mykje ut av dagen:)


Her e motorsykkelen dei vanlegvis kjøre rundt med, men sidan me skulle ver me idag klarte dei heldigvis å bokka ambulansen te oss!!

 
Inne i Ambulansen
Her e inngangen te ein mann me va å besøkte!



Ein eldre mann som hadde leverkreft. Då me kom inn te han hadde han kasta opp, og han klarte ikkje halde på noko av den maten han åt. Mannen hadde aldri kunna snakka så da gjekk i tegnespråk.

Han budde på eit bitte lite rom med ei madrass på golvet og ei seng.


Her e me på vei te ei eldre dame som hadde HIV. Ho hadde slutta å ta medisinen som ho får gratis på sjukehuset (alle HIV pasientar får gratis medisin mot HIV), og ville heller satse på den tradisjonelle behandlinga. Den tradisjonelle behandlinga fungere jo då rett og slett ikkje mot HIV, og dama hadde då fått ein infeksjon og var veldig dårlig. Palliativ Care gav ho antibiotika mot infeksjonen, og prøvde å overtale ho til å bli med på sjukehuset for behandling der, men dama nekta og da virka som ho hadde gitt opp...
Familien forklarte oss at alt var avhengig av faren, som var på reis. Då han kom heim igjen måtte han avgjera om han ville betale for sjukehusopphaldet eller ei.. William meinte at det burde skje snarast, og på torsdag kunne da allerede vera for seint.

Nåken bur faktisk i sånne hus


Huset til kvinna med HIV


Inne i huset, kvinna ligg på senga veldig sjuk!!

Ei skjønne jenta som stod utanfor


På slutten va me inne te ein mann som hadde nerveskadar, han var blind, kunne neste ikkje gå, og hadde veldig stive ledd.

Ein kjekk og spennandes dag:)

post signature

1 kommentar: