I går va me då som sagt i bryllup. Dei som gifta seg var nokon slektningar av Jean Baptiste, og som me då vel og merka ikkje kjenner!
Me var innviterte til vielsen kl.14.00, men så e da jo detta med den tido her nede då, så vielsen starta ikkje før kl. 15.00. Den føregjekk nokså likt som heima i Norge, bare med mykje meir sang og musikk, og den varte i ca. 2 timar (va litt lenge for ikkje fransksnakkande nordmenn!!)
Da va to kor som veksla på å synga, Gospel singers og Samba. Når dei andre gjestene syntes sangen og musikken va bra hylte/skreik dei (nesten som indianar-rop), dansa og sang med! Så gjekk dei bort til dei som sang og la ein mynt i panno på sangaren. Detta va for å markera at dei syns dei som sang va flinke!!
Stemningen i kjørko va rett og slett heilt fantastisk, da må opplevast!!
Bryllups innvitasjonen vår |
Kjørko! Designa av ein nordmann |
Inne i kjørko. Her hadde dei pynta med jula-glitter og plastik blomar (skjønna ikkje heilt koffor plastik blomar, da e jo så mangen flotte blomar her i landet) |
Gospel singers |
Samba kom syngande - Dei kom inn med brudgomen og mora! |
Brudgom og mora på veg inn i kjørka |
Brura hadde følje av jenter og gutar som dansa og kasta ris! |
Bruda og faren |
Flotte brud!! |
Her kom ringen på! |
Og så KYSSET då :D |
Etter vielsen gjekk me heim og gjorde oss klar for neste økt. Me skulle då bli henta kl.20.00 men klokko blei iallfall øve ni før da kom nåke å henta oss.
Festen føregjekk på militærområdet her i N`gaoundèrè. Da va ein stor sal som var delt inn i to, eine sida var da bord og stolar kor dei gjestene som var ”viktige” satt, og på den andre sida va da kun stolar på rekka og rad der dei mindre viktige gjestene satt. Da va altså ei rangering etter kor viktige gjestene var. Oss fira blei plasserte ved eit bord, så me va tydeligvis veldig viktige i bryllupet. Detta syns me jo va litt rart sio me ikkje kjente brudeparet eingang, men då fekk me hørra at da uhøflig av brudeparet å plassera dei kvite i den lavaste rangeringsrekko. Så sånn va no da!! Fekk forsyna oss rett etter brudeparet og alt!! :D
Bryllupslokalet |
Her kjeme brudeparet inn i lokalet. |
Fleire som hadde dans-sang underholdning |
Ein skjønne gut som underholdte oss under all ventingo |
Gjekk litt tid fra me kom te maten blei servert og alle va på plass. Trur klokko nærma seg midnatt før me fekk mat!
Maten - Va ikkje så veldig god mat! |
Bryllupsvalsen så me seie heima, her va da meir "klindans"!! |
Brudeparet |
Her va da tid for å gje vekk pakkane |
Bryllupskako!!! |
Brudepika |
Trøtte brudesvenn |
og brudepika:) |
Resten av kvelden gjekk med te å dansa og ha da kjekt!! Me tulsa heim i 3 halv 4 tio, men me fekk hørra idag at dei hadde holdt da gåande heilt te klokko 9 i dag mårres!!!
Va ein utrulig kjekke kveld, og da e noko som eg seint vil gløyma! Kjekt å ha opplevd eit afrikansk bryllup! Minne for livet!!!
Va ein utrulig kjekke kveld, og da e noko som eg seint vil gløyma! Kjekt å ha opplevd eit afrikansk bryllup! Minne for livet!!!
Så må eg nett ta me nokon bilder då me kom heim i natt, då sku nemlig rastaflettene utav, for dei va stygge og klødde!!!
- Kan tru da va godt å få dei utav!!
Crazy 80-talls sveis!! |
Gurimalla så flotte me va!!! |

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar