Ja, då va denna helgo og gått!! Faktisk nest sista helgo vår her i N`gaoundèrè!! Kun fira vakter igjen på sjukehuset, og kun 32 dagar te eg komme heim te Norge igjen!! *Gleda meg*
Tørke tio ser endelig ut te å ha komt no, sol og øve 30 grader kvar dag. Regn og tordenver e da heldigvis slutt på! Og te vår store glede så e da pinadø ikkje mangen gresshopper igjen heller!!
Fredags kvelden samla me både store og små på Internatet for å sjå Avatar på storskjerm!
Reine kinosalen! |
Då me kom heim igjen venta denna på oss i trappo!! |
Idag vart me fira invitert med til Wak av Hanne og Eivind. Wak ligge ca. 4-5 mil her frå, og i Wak gjekk me litt inn i bushen for så å komma te ei elv der me bada og solte oss. Te min store fortvilelse så måtte me atter ein gang gå i 2 meters høge gras blandt slangar og andre kryp, noko eg sa eg aldri sku gjera igjen etter den turen me hadde i nasjonalparken for nåken veker si!
Eivind hadde vert her for 5 år si, og då gjekk da an å kjøra nesten heilt fram te elvo, men no va da grodd igjen så derfor måtte me gå te fots! (detta viste me ikkje på førehand!) Men da gjekk heldigvis greit denna gangen og! Gjekk i ca. 20 minuttar før me kom fram te elvo! Ein flott og idyllisk plass! Der brukte me tio på å bada og sola oss! Veldig kjekke tur :D
Her parkerte me bilen! |
Tre lokale innbyggara va så snille at dei guida oss fram te elvo, og tebake!! |
uff!! |
Nåken fasinerande fargerike innsekt me såg!!
Campen vår!! |
Klare for å gå tebake te bilen! |
Ein liten "landsby" me gjekk igjennom for å komma te elvo! |
Flyplassen i N`gaoundèrè |
Etter ein god dusj, va da tid for filmkveld igjen! Denna gangen i leiligheten vår! Filmen me såg va "Juno"!
Morsom film som kan anbefalast!!
Kino stemning!! |
Og Hanne laga deilig kaffè lattè <3 |
Så eit bilde av dei nye "afrikanske" buksene mine!!
Har vert hos skreddaren å fått sydd oss buskser heile gjengen! Ikkje heilt min stil, men veldig gode å gå i då!!
Ha ei fine veka alle sammen!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar