TUSEN HJERTLIG TAKK te alle som har bidratt i innsamlingsaksjonen vår
"Gje ein 10`ar til Kamerun"
- Både enkelt personar, og store og små som solgte vaffler i Matre til inntekt for aksjonen vår!
Me har fått inn overveldande mykje pengar, og summen kom tilslutt opp i
29 589,91 norske kroner!!!!
Da e heilt fantastisk iforhold til ka me hadde sett for oss i begynnelsen!
Me har vore å snakka med litt ulike folk om korleis me bør gjera det med pengane. Etter å ha snakka med Erik - representanten for misjonærane her på misjonsstasjonen - har me funne ut at han skal oppretta eit eige fond som baserer seg på desse pengane.
Deretter skal William (i palliative care unit), sjukehuspresten og ein som heiter Fanta, kome til Erik når dei møter pasientar som har behov for hjelp. Saman skal Erik og desse tre, undersøke forholda rundt pasienten, finne ut om han verkeleg ikkje har pengar - og deretter finne ut om han kvalifiserer til pengestøtte eller ikkje.
Det som også er så bra, er at pengane som blir delt ut til pasientane, går rett til sjukehuset - som også er inne i ei økonomisk tung tid. Så det blir på ein måte ei slags dobbel-hjelp!
Me har allereie brukt rundt 860 kroner av desse pengane, som me sjølve har delt ut. Ein del gjekk til kona til Samuel som vart sjuk og innlagt på sjukehus nokre dagar før me reiste nordover, og resten gjekk til ei jente som me har hatt mykje besøk av heime hjå oss - som er plaga med hovudverk etter ei motorsykkelulykke for ei tid tilbake, og som trengte pengar til medisinar. Litt kjekt at me har fått delt ut ein del av pengane på eiga hand, at me kjenner nokon dei som har fått hjelp.
Nok ein gang TUSEN TAKK :)
Kokken fekk ein pose med Mais av oss førra dagen, og han blei såå glad!!!
Då sitte eg her og mota meg opp te den laaanga togreiso!
Først skal me på middag te Erik og Sandra og eta Afrikansk mat, "couscous"
- Faktisk ikkje smakt da før så da blir spennande!
Og så eit lite morgonbilde av reiseklare jenter!!
Ellers så har eg hørt rykte om at internett tilgangen på Kribi ikkje e så allverden bra, så da blir mest sannsynlig ikkje noko blogginnlegg no før eg kjeme heim!!
Au revoir =)
