22. september 2010

Torsdagen!


16. September – Torsdag
I går kveld og i natt har da torna og lynt heilt ekstremt, og me vakna te den regnbyo. Drøyde da så lenge me kunne før me gjekk på jobb. Då me kom på jobb, va da nesten ingen av dei ansatte eller pasientar på heila sjukehuset. Her i Kamerun er nemlig ikkje klokko så viktig, og når da regna så kjeme dei ikkje før da har slutta å regna..Tenk vist da hadde vert sånn i Norge, ja då hadde me sikkert aldri komt oss på jobb!! Hehe..
Vi brukte då tio på å gå rundt å bli kjent på sjukehuset. Var tilfeldigvis inne på føden ein tur, og då va da ei dama som måtte ta keisarsnitt, så meg og Åshild hengte oss på. Va løye å sjå operasjons ståvo og korleis dei utførte inngrepet. Da blei nåke riving og skjering for å få ungen ut ja, og heldigvis endte da godt!
Klare for operasjon
Nesten ute...
Der :)
Ein skjønne liten guta-baby!!
Vi hadde bestilt pizza te middag i dag, men fekk noko lasagne (utan pasta) liknade greier i staden for. Var godt då, men litt lite mat te fira personar og me blei jo litt skuffa sio me hadde gleda oss te pizza heile dagen.
På ettermiddagen fekk me besøk av ei tysk medisin studenet. Vi spelet UNO og kosa oss, mens da fortsatt regna ute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar